Fellesskap og valfridom

Kva ynskjer du deg for samfunnsutviklinga og framtidas generasjonar?

Som nyutdanna sjukepleiar med eit stort engasjement for folkehelse, har eg meldt meg inn i den frivillige organisasjonen BIEN Norge (Basic Income Earth Network). Frivilligheit, fellesskap, og det gode samfunn er viktige omgrep.  

Eg ynskjer at alle barn skal få same moglegheiter i livet, eg ynskjer betre vilkår for studentane våre, eg ynskjer at fleire kan få finne det dei brenn for og velje yrke ut ifrå det.

Eg ynskjer meg eit samfunn der forskjellen mellom fattig og rik ikkje fortsett å vekse, at alle kan oppleva økonomisk tryggleik, at ein har val og dermed opplev fleksibilitet og fridom. At alle har en bustad og oppleva å bu trygt.

Eg ynskjer meg eit samfunn der vi ikkje må velje mellom pengar eller fridom, men der vi kan ha begge deler, noko som mogleg kan styrke trivsel, tryggleik, nysgjerrigheit og kreativitet.

Eg skulle ynskje vi var ferdige med kjensla armod, at vi i staden for fokuserte på menneskelege ressursar og hadde tillit til sjølve menneskje. Det er merkverdig at armod framleis er ei kjensle mange kan kjenne seg igjen i, sjølv i dagens overflodssamfunn.

Veit du at ein liten prosentdel av verdas befolkning sit på mesteparten av verdas formue, og at dette gapet blir større og større? Pandemien har gjort dette enno tydelegare.[1][2][3]

Veit du at utdanningsnivå og fattigdom ofte går i arv og at det er samanheng mellom utdanningsnivå, fattigdom og psykiske og somatiske lidingar? Dette kostar samfunnet dyrt, både sosialt, økonomisk og med tanke på ressursar.[4] [5]

Veit du at arbeidsmarknaden og etterspørsel etter kompetanse endrar seg? Middelklassen krympar, tross velstandsoppgang. Fattigdomsfella er gjeldande, og mange ender i låginntektsgrupper.

Noreg baserar mange av godane i samfunnet på frivilligheit. Helsesektoren, mellom anna, står ovanfor store utfordringar i åra som kjem, og vil bli avhengig av ressurssterke pårørande og frivilligheit. Helsesektoren har høgt fråvær, som kostar kommunane og staten store summar. Mange i helsesektoren har allereie ei redusert stilling, likevel er fråværet høgt. [6] [7]

Kan økonomisk tryggleik bidra til at arbeidstakaren VEL om dei vil jobbe 100% eller i redusert stilling, og kan dette påverke trivsel og sjukefråvær? Kan grunninntekt minske stigma for mottakarar av ulike stønadar, og auke arbeidsdeltakelsen? Kan økonomisk tryggleik bidra til å hjelpe både barn, einslege forsørgjar og foreldre til ein mindre hektisk kvardag?

Kan økonomisk tryggleik for studentar gjere at det er meir aktuelt for fleire å studere og opparbeide seg den nye kompetansen som blir etterspurd? Kan grunninntekt sikre at minstepensjonistane får verdig alderdom? Kan økonomisk tryggleik bidra til at færre gardsbruk leggjast ned? Ikkje minst, kan ein universell grunninntekt bidra til mindre byråkrati?

Heile denne teksten kan oppsummerast med eit ord: FRIDOM. Men korleis skal det fungere i praksis og korleis kan det kome heile befolkninga og samfunnet til gode? Korleis skal det finansierast?

Eg har stor tru på førebygging, i staden for å reparere. Kanskje ei investering i heile befolkninga kan bidra til å mellom anna førebyggje opplevinga av armod og alle dei uheldige ringverknadene dette medfører?

Eg gler meg stort til fortsettinga av arbeidet i BIEN Haugaland og til debatten om grunninntekt i Haugesund i slutten av august. Der kan du og koma med forslag til løysningar og fortelje kva du ynskjer for framtida!


Kilder:

[1] https://fortune.com/2021/12/07/worlds-richest-inequality-richer-during-pandemic/

[2] https://theglobalhues.com/global-income-inequality-2022-how-big-is-the-gap/

[3] https://economictimes.indiatimes.com/news/economy/indicators/india-among-the-most-unequal-countries-with-an-affluent-elite-report/articleshow/88154715.cms

[4] https://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/artikler-og-publikasjoner/gaar-okonomiske-levekaar-i-arv

[5] AdvancedChildhodExperience – study https://www.cdc.gov/violenceprevention/aces/index.html

[6] https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-7-20192020/id2678667/?ch=2

[7] https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/utfordringsbildet-og-mulighetsrommet-i-den-kommunale-helse-og-omsorgstjenesten/mulighetsrommet/hoyt-sykefravaer-i-tjenestene

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.